Det har ikkje blitt nokon turar i etterkant pga feil på det elektriske annlegget. Den har ikkje lada skikkelig. Så status i dag er at eg har hatt den på verksted for å skifte strømfordelingsreleet, og fjerna utstyr som har vert ettermontert som ikkje virkar lengre. I tillegg har eg skifta nokre slitedeler etc.
Neste på lista er å få sjekka varmtvatnet i bubilen då eg ikkje får varmtvatn i springen på kjøkkenet, gå over gassannlegget og sjekke at alt er i orden, og til slutt få på vinterdekka. Då tenkjer eg at den skal være klar til vinterbruk.