Torsdag 30. juni starta turen frå Vestlandet og nedover til Telemark kor vi skulle treffe gjengen vår, i nærheten av Seljord. Dette var opp i skauen uten tilgang til vatn og strøm, men ein kjempeflott plass å boltre seg på då vi ikkje hadde naboar som kunne forstyrrast.
Litt forbi Sogndal mot ferjekaia var det full stopp pga ulykke. Det var ein bil som hadde kjørt inn i ein lastebil bakfrå, og føraren sat fast. Det begynte å ryke massivt frå bilen, og då skjønte folk at det var begynt å brenne. Dei som var der framme sprang bakover i køa for å få tak i brannsløkningsapparat, og folk kom til med det dei hadde. Mitt apparat blei og tømt. Folka fekk ikkje berre kontroll på brannen, men klarte å få vedkommande ut av bilen og!
Første uttrykningsbilen som kom på plass var overraskamde nok politiet. Deretter kom ambulansen, og til slutt brannbilen. Personen blei henta i helikopter og frakta til Lærdal sjukehus. Oppryddinga gjekk raskt unna, og så var trafikken i gang att.
Planen vår vidare var å kjøre eit godt stykke, og så ta ei overnatting langs vegen, men dette gjekk så strykande glatt at vi kom jaggu heilt ned før midnatt. Ved midnatt sat vi med ei kald øl og sang bursdagssang til ei som hadde bursdag på fredagen.
På søndagen gjekk turen nedover forbi Bø i Telemark med destinasjon til ein campingplass som skulle ha CamperClean. 5 minutt unna blei vi stoppa, og blei fortalt at veien ville bli stengt i eit par timar pga at Northug m.fl. skulle stå på rulleski. Trur det var konkurranse på gang… Hvist vi rygga eit par meter bakover, over brua vi hadde passert, kunne vi svinge av til venstre og så kjøre rundt på denne måten, noko vi gjorde.
Vi havna innpå ein grusveg i skogen, men fjorde ingenting då utsikta var god. Vi kom ned til brua på Vrangfossen, og der såg vi båten Victoria blei slusa nedover elva. Så her måtte vi sjølvsagt stoppe og ta bilder, og filme litt før ferda gjekk vidare. Sia vi blei omdirigert fant vi ut at vi skulle berre fortsette østover og heller kjøre mot CamperClean som var lokalisert i Holmestrand-området. Det viste seg at denne stod inne på plassen til ein bubilforhandlar, og sia dette var på kvelden var bommen stengt inn til området. Her var det berre å kjøre videre til Røyken for å overnatte der til mandag.
Å få sove viste seg å være vanskelig pga varmen. Vi bestemte oss for å fortsette mot Sverige, og Tucksfors. Øst for Askim fant vi endelig ein tømmestasjon for toalettet. Gamlemetoden selvfølgelig, men jobben blei no gjort. Deretter kjørte vi til første handelssenter etter grensa kor vi la oss til å sove.
Sienare på dagen tok vi ein liten handletur der vi stod før vi kjørte lengre inn til det store handlesenteret. Skjønar ikkje kva vi skal med så mykje snop! Drikkevare hadde vi så var ikkje vits i å kjøpe meir av det.
Etter å ha besøkt kjentfolk i området satte vi kursen nordover til Charlottenberg kor vi og måtte innom senteret selvfølgelig…endå meir handling…. Men det dei ikkje har i Sverige er Friele kaffi og Tines Sjokomelk så vi var nødt til ¨kjøre over til Norge igjen før vi reiste videre nordover. Vi bestemte oss for å kjøre til Flisa, for då kunne vi besøke fleire kjentfolk på veien.
No var vi fullasta med gass og kaffi så då var det straka vegen til bake til Sverige for så å kjøre nordover igjen. Destinasjon var Røros på onsdag. Eit lite stykke før vi skulle dreie vestover til Norge igjen kom vi over ein fin campingplass, Särna Camping, som vi svinga inn på for å ta natta der. Her var det flott strand og turområde for store og små, og firbeinte. Nydelig plass.
Onsdagen kom og vi kjørte mot Røros der vi tok nokre timar stopp for litt småhandel, bl.a. ei bok som skal ligge i bilen der vi skriv om turane, samt legge inn litt bilder i. Frå Røros kjørte vi videre nedover til Alvdal (det er her bildet på forsida blei tatt) kor vi då skulle svinge av mot Dovre. Men her var det komt opp Flåklypamuseum sia sist eg var her så dette måtte vi få med oss. Sia det var stengt når vi kom bestemte vi for å ta ei natt her og. Flåklypa var ein plass det var verdt å sjå. Vi storkosa oss her.
Torsdagen blei det å kjøre videre mot Dovre, men vi har det ikkje travelt så blei lunsj på Dovrefjellet, fenalår og waldorfsalat, mens politiet hadde fartskontroll på andre sia av vegen.
Så var det å kjøre videre nedover, og over Sel for så å kjøre opp til Furuly Camping kor vi campa til søndag. Det var jo countryfestival på Skjåk! Men vi hadde det så bra på campingplassen at vi blei verande der til vi reiste heim att.
Må ta med at på laurdagen så prøvde vi ut ny plass for å ete. Vi blei anbefalt å prøve Reinheimen Lodge, og må sei at dette var skikkelig himmelsk mat dei serverte. Blir å ta turen tilbake for å prøve fleire rettar ja!